NorgesIndieForfatterSentrum

Sikkert ein klemmefamilie

Tomt på lager

kr 259

Frakt inklusive

Når utruskapsbarnet Una som vaksen bestemmer seg for å gjera alt ho kan for å sameinast med faren, er det med ei kjensle av at noko viktig manglar i livet hennar, og ho kjenner seg einsam i lag med mora. Faren er den kjende sjølvhjelpseksperten MotivaTor, og Una følger med på alt han gjer, gjennom YouTube og sosiale medium.

Boken lanseres 1. juni 2022 og kan forhåndsbestilles hos forfatteren.

Når utruskapsbarnet Una som vaksen bestemmer seg for å gjera alt ho kan for å sameinast med faren, er det med ei kjensle av at noko viktig manglar i livet hennar, og ho kjenner seg einsam i lag med mora. Faren er den kjende sjølvhjelpseksperten MotivaTor, og Una følger med på alt han gjer, gjennom YouTube og sosiale medium.
Inspirert av dei oppmuntrande livsråda hans finn ho mot til å oppsøka han for å få bli ein del av livet hans, trass i åtvaringar frå sine nærmaste.
MotivaTor sitt svoltne sjølvbilde får næring av beundringa han møter hjå publikummet sitt, men gjenspeglar merkevaren hans faktiske liv og personlegdom? Undervegs i jakta på faren erfarer Una at alt ho har drøymt om, ser annleis ut enn det ho forventa. Når ho blir kjend med halvbroren Kalle, tar trua hennar på faren ei dramatisk vending, og ho gjer eit avgjerande val.
——
Sjølveksponeringas tidsalder er utgangspunktet for denne romanen. Illusjonar basert på ytre suksess og plettfrie statusoppdateringar kopla med vår lengsel etter den perfekte familieharmoni, kan setta sterke kjensler i sving. Sikkert ein klemmefamilie er den omvendte Tore på sporet-forteljinga, med eit satirisk blikk på sjølvhjelpsbransjen, og eit underliggande alvor.

Del denne boken

... jobbar til dagleg med leiarutvikling i spesialisthelsetenesta. Har bl.a. bakgrunn som journalist i dagspressa, og som kommunikasjonsdirektør i akademia. Bur på Hjelmås utanfor Bergen. "Sikkert ein klemmefamilie" er hennar første roman.