NorgesIndieForfatterSentrum

Indieforfatter

Elin Styve

... jobbar til dagleg med leiarutvikling i spesialisthelsetenesta. Har bl.a. bakgrunn som journalist i dagspressa, og som kommunikasjonsdirektør i akademia. Bur på Hjelmås utanfor Bergen. "Sikkert ein klemmefamilie" er hennar første roman.
Romanen "Sikkert ein klemmefamilie" er blitt til over lang tid, då eg er i full jobb og har kreativ skriving kun som sideprosjekt. Redaktør Kristin Delås har sjekka inn i skriveprosessen med jamne mellomrom dei siste par åra. Dette inspirerte henne til å skriva: Heilt sidan eg som ung sosiologistudent las Erving Goffmann si bok «The Presentation of Self in Everyday Life», har eg vore opptatt av korleis me strevar med å påverka andre sitt blikk på oss sjølve. Goffmann skildrar våre sosiale liv som roller på ei teaterscene, og peiker på korleis dette samspelet på mikroplan er med på å forma heile samfunnet. Eg er ganske overvelda av kor sterkt dette verkar på oss i dag. Det er lett å lyga på seg ein status på alle plattformane som er tilgjengelege for oss, og det er lett å falla for det. Kor langt kan eit menneske med mange mørke krokar «back stage», gå i sin strategiske sjølvpresentasjon «front stage»? Er me som publikum i stand til å avsløra falske profetar, eller vil me helst bli lurt? Og kva skjer i narsissisten sitt hovud når han eller ho får utfalda seg i denne jungelen av arenaer? Eit anna tema som berører meg, er den lengselen etter ein velfungerande familie som mange ber på. Illusjonar om at alle andre får det bedre til enn oss, får gode vekstvilkår når me blir eksponert for alle dei perfekte sjølvpresentasjonane. Og må det eigentleg vera den biologiske familien som dannar dei viktigaste relasjonane? Dette er dimensjonar eg ønsker å røra ved når eg i "Sikkert ein klemmefamilie" trekker hovudpersonen gjennom ulike dilemma, i møte med seg sjølv og andre. Sårt og satirisk. Mørkt og lyst.
Forfatter_Elin_Styve
Land: Norge